Kystlotteriet til Sogn og Fjordane

Kystlotteriet til Sogn og Fjordane

Vi er enormt glade for å kunne fortelle at Sogn og Fjordane har sluttet seg til Kystlotteriet!

«Aksjon plastpant vart starta i dei sju SUM-kommunane i vår, med tilskot frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Strandryddarane fekk 100 kroner per sekk, og folk rydda! Sogn og Fjordane Fylkeskommune har vore rause og fylt på potten to gonger, slik at vi no heldigvis kan betale pant til alle som har traska rundt og gjort strender og elvekantar fine. Det har vore ein enorm suksess, og strandrydding har teke heilt av i nokre av SUM-kommunane, særleg Askvoll med Bulandet og Værlandet.

Intensjonen til Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga, som hjelpte oss i gang, var å utvide ei form for premiering til heile fylket, og det klarer vi no. I løpet av kort tid vert nesten heile fylket involvert i eit enklare konsept, nemleg Kystlotteriet. Både SUM, SIMAS, NOMIL og Flora kommune er med, Årdal, Solund og Gulen er velkomne til å bli med også.»

«Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd kr. 50 000 til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane til oppstart av Kystlotteriet. No kjem vi til å be kommunane, næringslivet og dei fire reiselivsaktørane i fylket – Visit Fjordkysten, Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Visit Sunnfjord – om sponsormidlar i form av pengar og/eller premiar, som til dømes konsertbillettar, festivalpass, heimekokk, kokkekurs, laksefiske, surfehelg på Stad, pakkar med kino, spa, mat, hotell, overnattingar og ein kombinasjon av dette til pakkar – alt som kan gje spennande, gode, ulike opplevingar. Vi ynskjer og å ha nokre pengepremiar til klassar som sparer til skuletur m.m. Premiar har strøyma på der Kystlotteriet allereie har fungert eit år.»

Vi ønsker 23 nye kommuner hjertlig velkommen til Kystlotteriet og gleder oss til fortsettelsen!

 

Bak frå venstre:

Sten Helberg (Kystlotteriet),Arne Øvrebø (SUM), Janne Bareksten (NOMIL), Kaja Standal Moen (Flora kommune), Sigmund Flaten (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.).

Framme: Linn Sofie Ugulen (SIMAS) og Marit Bendz (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.)

Share this post

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *